Unge titanar - Nescio

By Nescio

Release Date: 2025-05-26

Genre: Fiction & Literature

(0 ratings)
I tre noveller pÄ starten av det fÞrre hundreÄret, skildra ein anonym forfattar livet som drÞymandekunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fÄtt klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans stÄr i lÄgmÊlt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom.
Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prĂžver Ă„ finne fotfeste i det borgarlegevaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong lĂ„g opne for dei. Forteljingane er rĂ„ og direkte, men ĂČg hĂžgstemde og lyriske – dei fĂ„r oss til Ă„ tru pĂ„ denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnartekstaneeit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og Ăžkonomi, idealisme og borgarskap, bĂžrs og katedral.
Nescio (1882–1961), eller Jan Hendrik Frederik Grönloh som han eigentlegheitte, er blant dei mest betydningsfulle moderne forfattarane i Nederland. Verka hans er eit fast innslag i skuleundervisninga og er alltid med nĂ„r den beste nederlandske litteraturen opp gjennom tidene blir kĂ„ra.
GrÞnloh debuterte som forfattar i 1911 og under pseudonym. FÞrst dÄ han hadde ei trygg stilling som direktÞr i The Holland-Bombay Trading Company, og tekstane hadde begynt Ä bli einsnakkis blant unge forfattarar, avslÞrte Nescio sitt verkelegnamn i eit forord til 1933-utgÄva. Etter at han slutta i direktÞrstillinga levde GrÞnloheittilbaketrekt liv, samstundes som verket hans fekkklassikarstatus i den nederlandske litteraturkanonen.
Nescio har lenge vore ukjent utanfor sitt eige sprÄkomrÄde. FÞrst i nyare tid har dei tre novellene, som dannarhovudverket hans, blitt oppdaga i utlandet. I 2012 gav New York ReviewBooks ut novellene under tittelen Amsterdam Stories, til strÄlandekritikkar. Eit artig samantreff er at det var Jon Fosse-omsetjarenDaimionSearls som gjorde den amerikanske forleggaren merksam pÄ forfattarskapen.

Related Articles